15 nye smitta i Ørsta og Volda denne veka

Nyhende

Dei to nabokommunane Ørsta og Volda har hittil denne veka registrert til saman 15 nye koronatilfelle. Mange av dei smitta er tidleg i 20-åra.


Uoversiktleg smittesituasjon i Volda/Ørsta

Det er påvist sju nye smitta i Volda/Ørsta det siste døgnet, fire av dei med delta-varianten. Kommunane ber unge vaksne som har vore på fest om å teste seg.


Dei smitta har vore på fleire festar og utestaden My kitchen i Volda laurdag kveld, melder NRK.

– Det er spesielt viktig at vi unngår og avlyser samankomstar i tida framover. Då kan vi forhåpentleg stanse utbrotet, seier kommunelege Marte Vaage Øie i Ørsta. (©NPK)