To nye er smitta

Helse Førde melder tysdag morgon om to nye positive prøver. Dette er åttande dagen på rad med positive prøver.

I løpet av dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 1991 prøver og 36 av desse har vore positive.  

Nyhende

Måndag analyserte Helse Førde 171 prøver og to av desse er positive. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon. Dei to positive prøvene er tatt i Kinn og Sogndal. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

VG: Ein ny

Ifølgje VG sine oppdaterte tal vart ein ny person i eller frå Stad registrert smitta i går. VG sine tal viser at det no er 172 personar som har hatt stadfesta covid-19 smitte i og frå Stad.

VG brukar smittetal frå FHI, som plasserer dei smitta der dei er folkeregistrert. Kommunane tel ofte dei som bur eller er i kommunen.

36 positive

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom 19. juli og måndag 26. juli, har Helse Førde 1991 prøver og 36 av prøvene har vore positive. Dagen med flest positive prøver i denne perioden er torsdag 22. juli med 14 positive prøver.

Mellom 19. juli og 26. juli har det ikkje vore ein einaste dag med berre negative prøver. Ein må tilbake til søndag 18. juli for å finne ein dag med berre negative prøver.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Tysdag morgon er det tre av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette har hatt stadfesta covid-19.