Tre nye positive prøver – sju dagar på rad med positive prøver

Helse Førde melder om tre nye positive prøver etter at 206 prøver er analysert. Dette er sjuande dagen på rad med positive prøver.

I løpet av sist veke analyserte Helse Førde 1614 prøver og 34 av prøvene har vore positive.   Foto: arkiv

Nyhende

Helse Førde analyserte 206 prøver søndag og tre av desse var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon. Dei tre positive prøvene er tatt i Sogndal og Sunnfjord. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Med positive prøver også søndag, betyr dette at det sist veke ikkje var ein einaste dag med berre negative prøver. Ein må tilbake til søndag 18. juli for å finne ein dag med berre negative prøver.

Sist veke analyserte Helse Førde 1614 prøver og av desse har 34 vore positive. Mange av desse er knytt til utbrotet i Sogn, men også i Stad har det vore positive prøver den siste veka.


14 positive prøver - ny smitte i Stad

Fredag morgon melder Helse Førde om 14 nye positive prøver. Dette er det høgste talet på positive prøver på lenge.



Den smitta har vore på Gymmen pub og Magnifikk

Ein person i isolasjon

Ein person i Stad har fått stadfesta covid-19 smitte. No ber Stad kommune alle som har vore utandørs ved Gymmen pub og Magnifikk tysdag 20. juli i aktuelt tidsrom om å vere ekstra merksame på sjukdomsteikn.


Dagen med flest positive prøver denne perioden er torsdag 22. juli med 14 positive prøver. Onsdag er dagen med færrast positive prøver med ei positiv.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Måndag morgon er det ingen tilsette av rundt 3000 i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19 smitte.