Travel natt for politiet

Det har vore ei travel natt for politiet i Vest politidistrikt med over 150 loggførte oppdrag.

Natt til søndag vart travel for politiet.  Foto: arkiv

Nyhende

Vest politidistrikt melder på Twitter at det har vore ei travel natt for politiet. Det er loggført 150 oppdrag frå klokka 23.

Det har vore mellom anna 40 meldingar om festbråk, sju meldingar om slagsmål, tre tilfelle der gjestar har slått tilsette/vektar på utestad. Det har også vore fire brannar bosspann i Bergen sentrum, der har politiet oppretta sak og ønskjer tips. Politiet har også fått sju meldingar om fyrverkeri.

Ein del av meldingane om fyrverkeri kan ifølgje Hovudredningssentralen har vore meteorittnedslag.