Tolv nye positive prøver

Helse Førde melder om tolv nye positive prøver fredag og laurdag etter at 542 prøver er analysert.

Så langt denne veka har Helse Førde analysert 1614 prøver og 31 av desse har vore positive. 

Nyhende

Fredag og laurdag har Helse Førde analysert 542 prøver totalt og tolv har vore positive desse to dagane, viser Helse Førde sine oppdaterte tal søndag morgon.

Åtte av desse positive prøvene vart analysert laurdag, og desse er tatt i Luster og Sogndal. Det er for tida eit smitteutbrot i Sogn. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Så langt denne veka har 31 prøver vore positive. Dagen med flest positive prøver er torsdag 22. juli med 14 positive prøver. Mellom måndag og laurdag har Helse Førde analysert 1614 prøver, og det har ikkje vore dagar utan positive prøver desse dagane.

Laurdag 17. juli: 0 nye av 75 analyserte prøver

Søndag 18. juli: 0 nye av 98 analyserte prøver

Måndag 19. juli: 2 nye av 166 analyserte prøver

Tysdag 20. juli: 2 nye av 330 analyserte prøver

Onsdag 21. juli: 1 ny av 202 analyserte prøver

Torsdag 22. juli: 14 nye av 374 analyserte prøver

Fredag 23. juli: 4 nye av 313 analyserte prøver

Laurdag 24. juli: 8 nye av 229 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Søndag morgon er det ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19 smitte.