Sjå bilde og video frå avslutningsdagen

Mektig avslutning på festivalen

Laurdag kveld vart MiniMalakoff avslutta med metal, ein sogning og folkemusikk.

Kvelertak avslutta MiniMalakoff laurdag kveld.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

Laurdag kveld var det klart for siste festivaldag for denne gongen. På plakaten stod Valkyrien Allstars, Kjartan Lauritzen og Kvelertak og 800 publikummarar som var klare for musikkopplevingar, god stemning og berre det å kjenne litt på livet igjen.