Har merka turstiar på oppdrag frå kommunen

Ungdomane Ingebrigt Nes Hjelle (17) og Tørres Nøstdal (16) har hatt sommarjobb i Stad kommune denne ferien. Jobben deira var å merke nye turstiar som kan nyttast av alle.

Imponert: Torsdag fekk prosjektleiar i Stad kommune, Arild Vonheim, Ingebrigt Nes Hjelle og Tørres Nøstdal, besøk av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og Stad-ordførar Alfred Bjørlo som ville sjå nærare på jobben Tørres og Ingebrikt hadde gjort med å merke turstiar i dalen. Statsråden var imponert. Frå venstre: Sveinung Rotevatn, Ingebrigt Nes Hjelle, Arild Vonheim, Tørres Nøstdal og Alfred Bjørlo.   Foto: Frithjof Silden

Nyhende

Prosjektleiar Arild Vonheim har hatt ansvar for sommarjobben til desse ungdomane. Han leiar no eit omfattande prosjekt der dei kartlegg og skriv om dei mange turstiane og fjellturane som er å finne i Stad kommune. Han seier boka kjem ut kring november, og vert årets julegåve for dei som bur i Stad.