No skal alle på camping

Campingplassar over heile Sør-Noreg melder om stor pågang no i fellesferien. På Oldevatn Camping i Nordfjord står folk i kø for å sikre seg ein plass på den populære campingplassen.

Oldevatn Camping er svært populær no i fellesferien.  Foto: Oldevatn Camping.

Nyhende

– Vi har aldri tidlegare opplevd slike tilstandar. Folk stiller seg i kø tidleg på morgonen for å prøve å sikre seg ein plass, seier Anne Mykløen Sunde som driv campingplassen saman med mannen Andreas Sunde. Dei er fjerde generasjon som driv campingplassen og har ikkje noko klart svar på kvifor det no har eksplodert.