Elleve meldingar om forstyrring av nattero

Natt til laurdag fekk Vest politidistrikt elleve meldingar om forstyrringar av nattero.

Det har vore ei grei natt til laurdag, melder Vest politidistrikt.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Vest politidistrikt melde på Twitter at dei har fått melding om elleve forstyrringar av natteroa. Dei fleste av desse meldingane kjem frå Bergen sentrum. Det har også vore nokre mindre slagsmål i Bergen sentrum. To personar, menn i 30-åra, skal ha blitt sett i drukkenskapsarrest.

– Forholdsvis grei natt til laurdag, melder Vest politidistrikt.