Svindlarar brukar politiet sitt telefonnummer

Politiet har avdekt alvorlege svindelforsøk frå telefon 02800, politiet sitt landsomfattande nummer.

Politiet åtvarar mot ein ny utspekulert form for telefonsvindel.   Foto: Hallvard Østrem

Nyhende

Seksjonsleiar for etterforsking i Sandefjord, Paal Knutsen, seier det er vanskeleg å spore opp dei som ringjer. Dei nyttar ei programvare som manipulerer telefonnummer. Mange veit at 02800 er politiet sitt nummer, og då er det lett å bli lurt.