Den smitta har vore på Gymmen pub og Magnifikk

Ein person i isolasjon

Ein person i Stad har fått stadfesta covid-19 smitte. No ber Stad kommune alle som har vore utandørs ved Gymmen pub og Magnifikk tysdag 20. juli i aktuelt tidsrom om å vere ekstra merksame på sjukdomsteikn.

Fredag morgon er det klart at ein person i Stad har fått stadfesta covid-19.   Foto: olin maria yri

Nyhende

Ein person i Stad er sett i isolasjon etter å ha testa positivt på covid-19. Det var torsdag kveld at resultatet viste positivt prøveresultat. Det er ikkje kome svar på mutasjonsanalysen enno, men det er no deltavarianten som er vanlegast i Norge for tida.


14 positive prøver - ny smitte i Stad

Fredag morgon melder Helse Førde om 14 nye positive prøver. Dette er det høgste talet på positive prøver på lenge.


Vedkomande testa seg ifølgje ei pressemelding på Nordfjordeid, og testa seg etter å ha vore i Bergen.

Alle nærkontaktar er kartlagt og varsla, i tillegg er ubeskytta nærkontaktar sett i karantene. Ifølgje pressemeldinga er personen truleg smitta i Bergen, men utover dette er smitteveg ukjent. Smittesporing er avslutta.

Tysdag 20. juli var den smitta personen utandørs på Gymmen pub på Nordfjordeid mellom 18:30 til 20:00 og på Magnifikk på Nordfjordeid frå 20:30 til 00:30.

– Vi ber andre som var gjestar i desse stadane i dei aktuelle tidsromma om å vere ekstra merksame på eventuelle sjukdomsteikn og ha låg terskel til å teste seg, skriv Thomas Vingen Vedeld, kommuneoverlege i Stad, i pressemeldinga.

Personar som er delvaksinert med første vaksinedose meir enn tre veker før eksponering for smitte, eller fullvaksinerte meir enn ei veke før eksponering vert rekna som beskytta og vert ikkje pålagt smittekarantene sjølv om dei er nærkontaktar med ein smitta. Delvaksinerte nærkontaktar vert testa tre til sju døgn etter eksponering. Ubeskytta nærkontaktar vert sett i karantene og testa i starten av karanteneperioden og sju døgn etter siste eksponering.

Stad kommune oppmodar alle innbyggjarar om å følgje einmetersregelen nøye, ha god handhygiene og ha lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom.