Ulike datoar om laksefiske skaper forvirring

I førre veke vart det sendt ut ei pressemelding frå Miljødirektoratet om at laksefisket skulle stoppast før normal tid i to fiskeområde. Ulike utgåver av forskrifta har skapt forvirring for laksefiskarane.

Ei pressemelding frå Miljødirektoratet om laksefiske har skapt forvirring.   Foto: Bendiksby, Terje

Nyhende

Laksefisket blir stramma inn i Nordfjord og Namsfjorden

På grunn av lite laks i elvane, stoppar Miljødirektoratet laksefisket i vassdrag rundt Nordfjord og Namsfjorden 14 dagar tidlegare enn ordinær fisketid.


Ifølgje pressemeldinga skulle laksefisket stoppast to veker før normal tid i elver i Nordfjord i Vestland og Namsfjorden i Trøndelag.