Ei ny positiv prøve - tredje dag på rad

Helse Førde melder om ei ny positiv prøve. Dette er tredje dagen på rad at ei prøve er positiv.

I løpet av dei åtte siste dagane har Helse Førde analysert 1453 prøver og ni av prøvene har vore positive.  

Nyhende

Onsdag analyserte Helse Førde 202 prøver og ei av prøvene er positiv. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal torsdag morgon. Den positive prøva er tatt i Sunnfjord. Kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Dette er den femte positive prøva denne veka. Både måndag og tysdag var det to positive prøver. Desse også frå Sunnfjord.

Så langt har det ikkje vore dagar utan positive prøver denne veka.

Ser ein åtte dagar tilbake i tid, mellom onsdag 14. juli og onsdag 21. juli, har Helse Førde analysert 1453 prøver. Ni av prøvene har vore positive i denne perioden.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Torsdag morgon er ein av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.