Bil køyrde utfor vegen

Torsdag kveld køyrde ein personbil utfor vegen like ved Kjøshammartunnelen.

Ein personbil køyrde utfor vegen i Hornindal torsdag.   Foto: arkiv

Nyhende

Ifølgje Politiet MøreRomsdal på Twitter har det vore ei trafikkulukke i Hornindal torsdag kveld. Trafikkulukka skal ha skjedd like ved Kjøshammartunnelen.

Det skal ha vore ein personbil som har køyrt utfor vegen. Fjordingen melder at bilen skal ha gått rett i autovernet.

Ifølgje politiet skal det ha vore ein person i bilen. Vedkomande skal vere lettare skadd og vart transportert i ambulanse til Volda sjukehus.