– I kveld skal vi feire livet

På dagen 10 år etter terrorhandlingane på Utøya og regjeringskvartalet er festivalplassen og scena til Malakoff ferdig oppsett. Etter travle dagar gler arrangørane seg til ei helg med musikk og god stemning.

Musikk og god stemning: Festivalsjef for Malakoff rockefestival Arnt-Ivar Naustdal inviterer til god musikk og god stemning på Nordfjordeid denne helga.  Foto: Frithjof Silden

Nyhende

Det var siste finpussen som stod att når Fjordabladet tok turen ned på festivalområdet for å sjå korleis ting stod til. Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal hadde det travelt med mangt, men fann seg likevel fem minutt til å snakke med journalisten.