To nye koronasmitta

For andre dagen på rad melder Helse Førde om nye positive prøver.

I løpet av dei åtte siste dagane har Helse Førde analysert 1389 prøver og åtte har vore positive.   Foto: arkiv

Nyhende

Helse Førde analyserte tysdag 20. juli 330 prøver og to av desse er positive. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon. Begge dei to positive prøvene er tatt i Sunnfjord. Kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Dette er andre dag på rad at Helse Førde melder om positive prøver. Så langt denne veka har fire av 496 analyserte prøver vore positive. Desse er tatt i Sunnfjord.

Ser ein åtte dagar tilbake i tid, mellom tysdag 13. juli og tysdag 20. juli, har Helse Førde analysert 1389 prøver og åtte av desse har vore positive.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ifølgje tala til Helse Førde er det ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Onsdag morgon er ein av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette har hatt stadfesta covid-19 smitte.