Ikkje legg igjen hunden

Ein heilt vanleg sommartemperatur på 24 grader kan stige til over 44 grader inne i bilen på korte 30 minutt. NAF åtvarar bileigarar mot å setje igjen hunden.

Politiet har i sommar allereie redda fleire fortvila hundar frå varme bilar. NAF åtvarar om at dette skjer kvar sommar.   Foto: Kyrre Lien / NTB / NPK

Nyhende

Det er solstrålane som får temperaturen inne i bilen til å stige så fort. Dei blir reflekterte i dashbordet, sete og utstyret i bilen som forsterkar varmen.