Håpar Stad ikkje må seie ifrå seg vaksinar

– No er det god tilgang på vaksine

Kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld oppmodar alle som ikkje har fått seg time til første dose om å bestille så snart som mogleg. Han håpar Stad kommune ikkje vert nøydde til å seie nei til fleire vaksinedosar i veke 32.

Thomas Vingen Vedeld, kommuneoverlege i Stad, oppmodar dei som ikkje har fått første dose eller bestilt seg time om å nettopp gjere dette så snart som mogleg.  Foto: Tormod Flatebø.

Nyhende

– Vi er kome over til dei yngre aldersgruppene, og folk har ferie. Vi ser at det går seinare å fylle opp dei timane som vi har lagt ut. Eg ønskjer å oppmode flest mogleg som ikkje har fått første dose om å prioritere å få seg vaksinetime dei komande vekene, seier Thomas Vingen Vedeld, kommuneoverlege i Stad.