Stryn kommune: låg terskel for å teste seg

To nye positive prøver

Helse Førde melder om to nye positive prøver etter at 166 prøver vart analysert måndag. I løpet av dei siste åtte dagane har seks av prøvene vore positive.

Helse Førde har analysert 1173 prøver dei siste åtte dagane.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Måndag analyserte Helse Førde 166 prøver og to av prøvene er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon. Dei to positive prøvene er tatt i Sunnfjord. Kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom måndag 12. juli og måndag 19. juli har Helse Førde analysert 1173 prøver. Av desse analyserte prøvene har seks vore positive. Ifølgje Helse Førde sine tal var tre prøver positive onsdag 14. juli, ei prøve var positiv fredag 16. juli og to prøver var altså positive måndag.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Reisefølge testa positivt

Ifølgje Stryn kommune har eit reisefølge frå Bergen testa positivt etter tur til Stryn. Dei skal ha leigd leilegheit mellom 13. til 16. juli og var mellom anna på fjellturar, på Stryn Gastrobar torsdag 15. juli og på restaurant Hoven fredag 16. juli.

Dei som vert definerte som nærkontakt vert testa, og besøkande som har registrert seg på aktuelle serveringsstadar har fått melding av Stryn kommune med beskjed om at dei kan ha blitt utsett for smitte.

Ifølgje Stryn kommune er det ingenting som tyder på at reisefølge vart smitta i Stryn, men det er viktig at ein har låg terskel for å teste seg om ein har symptom.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte som er innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Tysdag morgon var det ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette har hatt stadfesta covid-19.