Tilsett i politiet er suspendert og sikta for truslar

Ein tilsett i Vest politidistrikt er suspendert og sikta for truslar.

Ein tilsett i Vest politidistrikt vart tysdag suspendert.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Ifølgje ei pressemelding har politimeisteren i Vest suspendert ein tilsett i politidistriktet tysdag. Vedkomande vart arrestert i natt og sikta for truslar etter strl. §263.

Suspensjonen er gjort med heimel i statsansatteloven og gjeld med umiddelbar verknad. Suspensjonen vert behandla av Ansettelsesrådet i august.

– Statsadvokaten er oppmoda om å utnemne settepolitidistrikt og Rogaland politidistrikt skal ta over etterforskinga av straffesaka, opplyser Gry Benedicte Halseth, kommunikasjonsrådgjevar i Vest politidistrikt.

Vest politidistrikt melder i pressemeldinga at det ikkje vil bli gitt vidare opplysningar om straffesak eller suspensjon.