Hoggormen har bite mange så langt i sommar

Fleire enn vanleg har fått hoggormbit i juli. Det er uklart kva som er årsaka, opplyser Giftinformasjonen som har registrert 142 hendingar denne månaden.

Normalt er det ikkje nødvendig med legebehandling etter eit hoggormbit. Når nokon ringjer Giftinformasjonen, blir det gjort ei fortløpande vurdering av ein såkalla risikopasient, som normalt til dømes er barn, eldre eller gravide. Foto:  Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Nyhende

Allereie før juli er over er det registrert fleire førespurnader enn i det førre toppåret som var 2018, skriv Dagbladet. Då vart 137 bitne i heile juli. I 2020 vart det registrert 125 førespurnader i juli, medan det i 2019 vart registrert 117.