Gateordførarkontor for 10. år på rad

Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Stad kommune flyttar denne veka kontoret ut i Eidsgata på Nordfjordeid for 10. sommar på rad. I år blir Stad kommune sitt gatekontor saman med Eid Frivilligsentral i nye lokale i Eidsgata 9. Her vil ordførar Alfred Bjørlo og varaordførar Siri Sandvik bli å treffe kvar dag, samtidig som det blir aktivitetar og tilbod for born, ungdom og eldre.

Kan treffast i Eidsgata, Stad-ordførar Alfred Bjørlo(V) og varaordførar Siri Sandvik(Ap) 

Nyhende

Det blir gaming for ungdom, fotokonkurranse, Popup-butikk med resirkulerte produkt frå det lokale arbeidstreningssenteret (LA-senteret) og kontorplassar for dei som treng ein stad å fjernjobbe på i sommarferien.