Støyper byggjeklossar

BETONGKLOSSAR: Nordfjord Betong har starta produksjon av betongklossar av forskjellige typar og storleikar.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

I tillegg til å levere betong til andre, har Nordfjord Betong også starta opp med å støype byggeklossar etter legoklossprinsippet, der du til dømes kan bygge ein mur, nytte det til ein plansilo eller andre byggeaktivitetar. Klossane blir støypte i former og kan fåast i ulike storleikar og om ønskeleg med mønsterskravur på sidene. Mellom anna overskotsmasse frå støypingar blir brukt til dette føremålet.

FORMSTØYP: Betongklossane blir støypte i former.  Foto: Anna Wuttudal

Orheim fortel at klossane har blitt populære og vert mykje brukt av entreprenørar, til dømes for å skilje ulike massar frå kvarandre.

Produksjonen skjer når dei har ledig kapasitet.


Næringslivet har store oppdrag i samband med vindkraftutbygginga

– Det går med 440 m3 på kvar støyp

Nordfjord Betong har avtale om levering av kring 2200 m3 betong i samband med støyping av fundament på Okla vindpark på Stadlandet.