Færre kommunar på Robek-lista

Økonomien i mange kommunar går betre enn før, Berre 15 kommunar er no stempla som økonomisk ubalanserte. Samtidig varslar ekspertane tøffare tider, skriv NRK.no.

Økonomien i mange kommunar går betre enn før, Berre 15 kommunar er no stempla som økonomisk ubalanserte. Samtidig varslar ekspertane tøffare tider, skriv NRK.no.  Foto: Illustrasjonsfoto: NTB / NPK

Nyhende

Dei siste fem åra har den samla verdien av pengar kommunane har til overs, auka med 31,3 milliardar frå 26,6 milliardar i 2015 til 57,9 milliardar i 2020, fortel kanalen etter å ha sett nærmare på tal frå Kostra – KOMMUNE-Stat-rapportering.