Ei ny positiv prøve

I løpet av dei tre siste dagane har Helse Førde analysert 358 prøver, og ei av desse er positiv.

Sist veke analyserte Helse Førde 1007 prøver og fire prøver var positive.  

Nyhende

Helse Førde oppdaterer ikkje lenger koronatala i helga, men måndag morgon er prøvesvara oppdatert. Då kjem det fram at fredag, laurdag og søndag har Helse Førde analysert 358 prøver. Medan prøvesvara laurdag og søndag er negative, var det ei positiv prøve fredag. Det vert ikkje opplyst kvar den eine positive prøva kjem frå.

Dette betyr at det var fire positive prøver sist veke, etter at Helse Førde analyserte 1007 prøver. I tillegg til den positive prøva fredag, var tre prøver positive onsdag. Desse tre vart tatt i Sunnfjord, Vik og Sogndal.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Det er ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19 smitte.