Dette skjer under MiniMalakoff

Denne veka går MiniMalakoff av stabelen med enkeltkonsertar rundt om, barnekonsert og tre dagar med minifestival.

MALAKOFF: Denne veka vert det enkeltkonsertar, før MiniMalakoff går av stabelen torsdag til laurdag. Då skal mellom andre Ruben stå på scena.   Foto: arkivfoto: olin maria yri

Nyhende

I år er det ikkje mogleg å arrangere fullferdig Malakoff, men det vert derimot mogleg å få med seg konsertopplevingar via MiniMalakoff. I år er det lagt ut rundt 3200 billettar. Det vanlege på ein ordinær Malakoff-festival er 30.000. Trass i at dei fleste av dei 3200 billettane er kjøpt, er det framleis nokre att, spesielt til enkeltkonsertane.