Næringslivet har store oppdrag i samband med vindkraftutbygginga

– Det går med 440 m3 på kvar støyp

Nordfjord Betong har avtale om levering av kring 2200 m3 betong i samband med støyping av fundament på Okla vindpark på Stadlandet.

VINDMØLLEFUNDAMENT: Nordfjord Betong har hatt mykje å gjere i samband med levering av betong for støyping av Skipenes bru. No er det leveransar til Okla-fundament som er i gang. På Løkjaneset var det fredag hektisk aktivitet både med eigne og innleigde betongbilar.   Foto: Anna Wuttudal

I den mest hektiske tida går det ut ein betongbil kvart 15. minutt

Nyhende

– I den mest hektiske tida går det ut ein betongbil kvart 15. minutt, fortel styreleiar Håvard Orheim i Nordfjord Betong AS. Dei har sjølv fire av sine fem bilar i drift i samband med Okla-leveransen og har i tillegg leigt inn det meste av det som er tilgjengeleg av betongbilar i nærleiken, både frå andre stadar i Nordfjord, frå Sunnfjord og heilt ned til Gaupne i Sogn. Av desse bilane er det ein pumpebil med stor kapasitet.