Må sikre mjuke trafikantar på Bryggja

Jan Heggedal er oppteken av å få gode og trafikksikre løysingar mellom Bryggja skule og planlagt kommunalt bustadfelt på Indre Nore.

NYTT BUSTADFELT: Det vert jobba med plan for nytt kommunalt bustadfelt på Bryggja. 

Nyhende

I eit innspel til Stad kommune tek han til orde for at det må takast spesielle omsyn til gåande frå parkeringsplassen ved Bryggja skule til området om lag 40 meter aust for trafoen ved Heggedalsvegen. Heggedal forklarer ein del om utfordringane på vegstrekninga. Han skriv mellom anna at ein plan for byggefeltet i området gjerne bør ha ein alternativ trase for gåande, slik at dei slepp å gå på vegen langs den mest utsette delen av strekninga.