Anne Grethe Naustdal kan eit par veker til nyte ferien ved hytteveggen i Storevika ved Hornindalsvatnet, i familiehytta som mannen har arva. For 1. august treng ho dei opplada batteria, når jobben som prorektor ved Høgskulen på Vestlandet startar. Etter å ha vore tilsett i vel 25 år i det som no heiter Høgskulen på Vestlandet, rykkjer ho opp til ein av dei mest sentrale stillingane, med ansvar for 17.000 studentar. Foto: inger træen

Har fått toppjobb i leiinga – Høgskulen på Vestlandet

Anne Grethe Naustdal (55) er oppvaksen på Nordfjordeid. I august tek ho til i jobben som ein av tre prorektorar ved Høgskulen på Vestlandet.