Auka stimulering til slått av bratt areal

Alle føretak som slår bratt areal til fôr kan søke om ekstra tilskot. Tilskotet skal kompensere for meirarbeidet med å hauste dette arealet. Det melder Statsforvaltaren.

Jordbrukslandskap, Utvik Foto: SFVL. 

Nyhende

Bratt grovfôrareal er ofte det grasarealet som er mest utsett for å gå ut av drift og gro att. Statsforvaltaren aukar difor tilskotet til drift av bratt grovfôrareal og minner om at alle jordbruksføretak som slår og haustar bratt areal til fôr, kan søke om tilskot.