Opningskonserten i MiniMalakoff-veka

‒ Håkon var kveldens joker

‒ Kveldens joker, kalla gutane frå bandet han. Medan dei fleste andre sat rolege i salen, var Håkon Berg Nes på plass på første benk og digga entusiastisk gjennom heile konserten då metalbandet Sâver stod på scena i Operahuset Nordfjord i kveld.

Håkon Berg Nes fekk mykje av æra for at konserten med Sâver vart så bra..  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

‒ Han gav alle oss i bandet energi, seier Ole Ulvik Rokseth, som stilte villig opp til fotografering og signering saman med dei andre bandmedlemmene i Sâver, Markus Støle, Ole Helstad og Pål Ulvik Rokseth, slik at Håkon skulle få med seg eit uforgløymeleg minne heim frå konserten.