Skepsis til massedeponi i Kjøde

Vil ikkje ha dumparveg langs husveggane

Det er sterk skepsis frå lokalt hald til planlagt deponiområde i Kjøde.

HØYRINGSMØTE: Kristine Dahl, assisterande kommunedirektør i Stad kommune opplyser i eit referat frå møtet at det vil bli invitert inn til eit formelt høyringsmøte knytt til kommunedelplanen for sjøområda etter fellesferien. Saka her i avisa byggjer på hennar referat frå møte med nokre av grunneigarane. Bildet viser Stad skipstunnel sett frå Kjøde. Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta 

Ein ønskjer ikkje ytterlegare belastning enn det som bygginga av skipstunnelen vil gje

Nyhende

På eit møte som vart gjennomført mellom Stad kommune og nokre av innbyggarane i Kjøde onsdag 30. juni var det fleire av innbyggarane som uttrykte sterk skepsis til planlagt deponiområde/gjenvinningsområde i Kjøde, og ønskte å få meir informasjon frå kommunen. Det vart mellom anna også trekt fram at ein ikkje kan akseptere dumparveg langs husveggane og verdifulle område. Ein ønskjer ikkje ytterlegare belastning enn det som bygginga av skipstunnelen vil gje. Vidare vart det stilt spørsmål om kven som stod bak ideen om mellombels deponiområde/gjenvinningsanlegg, og om Kystverket støtta planane.