To personar til sjukehus etter at bil gjekk rundt

To personar vart frakta til sjukehus etter ei trafikkulukke på Alsaker på Nordfjordvegen i natt.

Bilulukka skjedde på øvre Alsaker. Bilen kom frå aust, han skal ha gått rundt og hamna nede på marka.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Politiet melde klokka 01.24 om at naudetatane var på veg til staden etter melding om ei trafikkulykke på Nordfjordvegen/Nordfjordeid. Det var ein bil involvert, og hendinga skjedde på Alsaker. Bilen hadde køyrt ut, rulla rundt og hamna på eit jorde. Naudetatane var raskt på plassen.

Det var to personar i bilen, dei var oppegåande. Dei involverte vart frakta i ambulanse til sjukehuset i Førde for undersøking.


Oppdatering:

Eitt eller fleire rundkast

Innsatsleiar for Politiet i Nordfjord, Kurt Hammerø forklarer at bilen kom i retning frå Hjelle og gjekk ut av vegbana på venstre sida i ein høgrekurve og landa på eit jorde. Bilen fekk store skadar, og teikn på staden tyder på at bilen har teke eitt eller fleire rundkast.

Dei to i bilen framstod som lettare skada. På grunn av omstenda på staden vart det vurdert å ta dei med til sjukehus i Førde for ytterlegare sjekk. Dette med tanke på om dei kan ha blitt påført høgenergiskadar.

Det er ifølgje Hammerø ikkje mistanke om promillekøyring.