Rådebank har vorte ein serie som kan gjere ein forskjell: – Det kjennest viktigare enn terningkast

Teamet bak Rådebank har nyleg avslutta innspelinga av sesong tre. I neste sesong får vi følge den same gjengen samtidig som det kjem nye folk inn i bildet. Men temaet som ligg i botn, er å kunne snakke om det som er vanskeleg.

Glenn Tore (GT) og Hege og resten av gjengen i tv-serien Rådebank har nådd langt ut over målgruppa, som var ung mann på tjue. Her frå innspeling av sesong tre. Odin Waage speler GT, og Maja Evenshaug Christiansen speler Hege.   Foto: Max Emanuelson

Nyhende

– Eg synest det har gått veldig fint. Det er utfordrande å lage drama i koronatider, men vi er godt fornøgde og stolte over det vi har fått til på forsommaren i år, seier Knut Inge Solbu frå Gvarv, utøvande produsent for tv-serien Rådebank.