Brann i bubil

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Politiet melde i natt klokka 00.30 at naudetatane var på veg til staden etter melding om brann i ein bubil på Kjøde. Meldinga gjekk ut på at det ikkje skal vere personar i bubilen, men at det var spreiingsfare til hus.

Kort tid etterpå var meldinga at brannvesenet var på staden og hadde starta sløkkingsarbeidet. Det var ikkje lenger spreiingsfare og etter ei tid var brannen sløkt.

Ein person hadde fått i seg røyk i samband med hendinga.

Oppdatering:

Innsatsleiar for Politiet i Nordfjord, Kurt Hammerø gjev ros til eigar av bubilen som gjorde ein veldig bra innsats med å sløkke sjølv og halde brannen i sjakk ved hjelp av brannsløkkingsapparat og vasslange til brannmannskapa tok over.

Bubilen stod parkert inntil eit bustadhus, men huset skal ikkje ha blitt skada.