Planar om satsing på framtidsretta havbruk

Vil utnytte næringsstoffa frå matfiskproduksjon

Eide Fjordbruk AS har søkt om løyve til produksjon av blåskjel og sekkedyr, sukkertare, stortare, blæretang, grisetang, søl, fingertare, butare og raud sjøpølse på lokaliteten Torvneset i Stad kommune. Det er Vestland fylkeskommune som skal behandle søknaden.

VIL SATSE PÅ LÅGTROFISKE ARTAR: Blåskjel vert sett på som ein lovande og aktuell art i integrert havbruk. Eide Fjordbruk ønskjer å satse på oppdrett av fleire artar saman, mellom anna blåskjel og sekkedyr. Arkivfoto frå tidlegare blåskjelanlegg ved Gjølshammaren i Eidsfjorden. I Eidsfjorden er det ikkje lov med oppdrett av laks og aure, men det kan vere aktuelt med oppdrett av andre artar, som skjel og vasslevande plantar. 

Det ideelle er ein kombinasjon

Vidar Hjartnes
Nyhende

Selskapet vil gjerne produsere både oppdrettslaks og andre artar på same lokalitet, for å få effektiv og god utnytting av sjøarealet.