Ventar på avgjersle i klagesak om lakseoppdrett

Eide Fjordbruk ventar på svar på klage når det gjeld avslag på søknad om lakseoppdrett på Torvneset.

TORVNESET: Utsnitt frå kommunal plan der akvakulturlokaliteten Torvneset er markert med ein raud ring. 

Nyhende

Eide Fjordbruk søkte om avklaring for produksjon av laks/aure på lokaliteten Torvneset i desember 2019. Mattilsynet har med bakgrunn i noverande situasjon med lakselus gått imot denne etableringa. Søknaden om løyve til produksjon av laks/aure ligg i dag til klagebehandling ved Mattilsynet sitt hovudkontor.