To personar meldt etter slagsmål

Politiet og ambulanse rykte ut etter melding om slagsmål i Måløy.

Ifølgje Vest politidistrikt vert to personar meldt etter slagsmål i Måløy.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Ifølgje Vest politidistrikt på Twitter vart det klokka 02:03 meldt om slagsmål mellom fleire personar på Jibben Bar i Måløy. Politi og ambulanse rykte ut til staden. Då dei kom var det roleg og ingen skadde.

Ifølgje politiet var det to personar som slåst. Begge vart vist vekk frå sentrum og vert meldt for ordensforstyrring.