Ingen nye positive prøver

Helse Førde melder om berre negative prøver etter at 150 prøver vart analysert.

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom torsdag 8. juli og torsdag 15. juli har tre prøver vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Torsdag 15. juli analyserte Helse Førde 150 prøver og alle desse prøvene var negative. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal fredag morgon.

Dette er tredje dag denne veka der Helse Førde melder om berre negative prøver. Einaste dag så langt denne veka der Helse Førde har analysert ei positiv prøve var onsdag. Då vart 247 prøver analysert og tre var positive. Desse vart tatt i Sunnfjord, Vik og Sogndal. I løpet av dei åtte siste dagane er desse tre prøvene dei einaste positive.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Det er ingen av rundt 3000 tilsette som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Åtte tilsette har hatt stadfesta covid-19 smitte.