Har søkt om akvakulturløyve aust for Åseskjæret

Nordfjord Forsøksstasjon har søkt om løyve til produksjon av blåskjel og sekkedyr, sukkertare, stortare, blæretang, grisetang, søl, fingertare, butare og raud sjøpølse på området Langesvaet i Stad kommune.

Det omsøkte arealet Langesvaet, aust for Åseskjæret er i planframlegg teke ut av det nye planframlegget for sjøområda i Stad på grunn av motsegn frå Kystverket. Planen er ikkje endeleg vedteken 

Nyhende

Nordfjord Forsøksstasjon driv to forskingsløyve. Eide Fjordbruk AS eig 100 % av aksjane i Forsøksstasjonen. Forskingsløyva gjeld for utvikling av optimalisert fôr med omsyn til fiskehelse, velferd, utnyttingsgrad, tilvekst og produkteigenskapar. Førsøksstasjonen skriv mellom anna i søknaden at dei omsøkte artane er viktige marine ressursar, som i tillegg til å kunne vere kjelde til gode fiske -og dyrefôr, også har potensiale til å vere råmateriale for verdifulle produkt (direkte human konsum) og anna bruk i samfunnet.