Har drive campingplass saman i snart 50 år

Magne og Karin har drive Nesjartun camping i snart 50 år no. Men fjoråret var lite å skryte av.

KJEKK JOBB: Magne og Karin Nesheim trivast godt med å drive campingplass ved Hornindalsvatnet i Stad kommune. Det kjekkaste er alle dei forskjellige folka dei blir kjende med. Alle foto: Frithjof Silden 

Det er mange som kjem hit for å fiske i Eidselva.

Nyhende

Idyllisk ved Hornindalsvatnet finn ein Nesjartun camping. Seint på 70-talet vart denne campingplassen opna av far til Magne Nesheim. Sjølv har han vore med og jobba på campingplassen sidan han var kring 12 år. Både Magne og Karin er einige om at det å prate med turistane er det kjekkaste med dette arbeidet.