Geoteknisk vurdering på Høgebakkane og Gjerdane

Grunnundersøkingar har vist at det kan vere behov for stabiliserande tiltak i skråninga aust for Sjukehusvegen på Høgebakkane. Fagleiar plan og forvaltning i Stad kommune, Roar Sætre har no bede Multiconsult om å gjere vurderingar knytt til dette. Arkivfoto: Anna Wuttudal  

Nyhende

Stad kommune har inngått rammeavtale for geoteknisk bistand med Multiconsult og har no bestilt gjennomgang av undersøkingsbehov i den kartlagte sona Golvsengane på Nordfjordeid. Bakgrunnen er Norconsult si områdeutgreiing av faresona, der det framgår at ein profil på Høgebakkane ikkje har tilstrekkeleg tryggleik. Stabilitetsberekningane er utført på bakgrunn av få boringar, og Norconsult har gjort konservative berekningar, og antydar at fleire boringar kan gje anna resultat. Rapporten tilrår også tiltak i gjøl rett aust om dette området, sjølv om denne profilen har tilfredstillande sikkerheit. Stad kommune har eit planarbeid på vent som ligg i utløpssona for faresona, og har no varsla utviding av planområdet slik at det omtala området kan inngå i planområdet, eventuelt som faresone.