Tre nye positive prøver

Helse Førde melder torsdag morgon om tre nye positive prøver. Dette er dei første positive prøvene sidan onsdag 7. juli.

Helse Førde analyserte 247 prøver onsdag og tre av dei er positive.  

Nyhende

Onsdag 14. juli analyserte Helse Førde 247 prøver og tre av desse er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal torsdag morgon. Dei tre positive prøvene er tatt i Sogndal, Vik og Sunnfjord.

Før desse tre positive prøvene onsdag har det vore seks dagar utan positive prøver. Sist ei prøve var positiv var onsdag 2. juli.

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom tysdag 6. juli og onsdag 14. juli, har Helse Førde analysert 1516 prøver. Av desse analyserte prøvene har seks vore positive. I tillegg til tre positive onsdag, var to prøver positive onsdag 7. juli og ei prøve var positiv tysdag 6. juli.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ifølgje Helse Førde sine tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Torsdag morgon er det ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.