Meiningar

Raudt vil stoppe utflagging av oppdrag i offentleg regi

Raudt krev at den politiske leiinga i Vestland fylke (SP, AP, SV, MDG, V og KrF) no utfordrar administrasjonen si avgjerd om å gje bygginga av nytt opplæringfartøy til eit verft i utlandet.

Geir Oldeide, 1. kandidat for Raudt i Sogn og Fjordane, og Rita Tonning, 2. kandidat for Raudt i Sogn og Fjordane.  

Nyhende

Dette er ei av mange politiske skandalar om utflagging som Raudt systematisk har arbeidd for å motverke på Stortinget og i fylkestinga over heile landet.

I september 2020 reiste Raudt i Vestland fylkesting forslag til innkjøpsreglementet om at alle fylkeskommunale oppdrag og innkjøp skal skje med leverandørar som har landsdekkjande norske tariffavtalar. Dette ville ikkje fleirtalet støtte (inkl. fleirtalet i SP), på formalistisk grunnlag, sidan eit slikt vedtak kunne vere i strid med EØS-avtalen i fylgje fylkesrådmannen. No må fylkesordførar Jon Askeland ifrå SP vise politisk vilje til å nytte handlingsrommet innafor EØS-avtalen, slik som Fellesforbundet har mana til. Han bør straks kalle inn til eit hastemøte i fylkesutvalet for å få stansa og omgjort denne uflagginga før kontrakten er endeleg godkjend og underteikna.

Det trengs no større politisk vilje til for å sikre at fylkeskommunen legg inn krav om at oppdrag går til norske og fortrinnsvis vestlandske verft når vi investerer store offentlege midlar i nye fartøy. Om denne utviklinga får halde fram vil det øydelegge fagmiljøa og verftsindustrien langs kysten. Det kan ikkje vi stå å sjå på, no må koalisjonen i fylkeskommunen vise handlekraft! Lokalsamfunnet, fagmiljøa og lærlingane betalar prisen for at anboda ikkje vektar samfunnspolitiske formål framfor pris. Det offentlege skal sikre lokale verksemder. Då må vi vere herre i eige hus!