Fjordane folkehøgskule

Gode søkjartal i år

Dei siste åra har det aldri vore meir populært å søke på folkehøgskulane i Norge. I år er det også gode søkjartal, og på Fjordane folkehøgskule er det nesten fullt.

FJORDANE FOLKEHØGSKULE: Ifølgje Terese Balsnes ved Fjordane folkehøgskule har det aldri før vore så god søking som i år. No er det berre nokre få ledige plassar igjen og allereie er fleire av linjene fulle.   Foto: olin maria yri

Nyhende

Dei siste åra har det kome meldingar om at det aldri før har vore meir populært å gå på folkehøgskular i Norge. Ifølgje Folkehøgskolene er det allereie over 7100 elevar som har takka ja til ein plass på folkehøgskulane rundt om i landet. Nasjonalt er det på linje med i fjor og søkjartala som har vore dei siste åra. Berre 2019 skil seg ut som eit betre år. I år ser ein også at det er ein tendens til at stadig fleire elevar frå byar vel folkehøgskule på bygda. Dette er ein trend også på Fjordane folkehøgskule på Nordfjordeid.