Mowi leverte noko svakare enn forventa

Oppdrettsselskapet Mowi fekk eit operasjonelt driftsresultat på 137 millionar euro i andre kvartal Foto: Terje Bendiksby / scanpix / NPK  Foto: Terje Bendiksby

Nyhende

Oppdrettsselskapet Mowi fekk eit operasjonelt driftsresultat på 137 millionar euro i andre kvartal, skriv Fiskeribladet.

Det er ein oppgang frå same kvartal i fjor, då tilsvarande resultat var 99 millionar euro, viser selskapets kvartalsvise slakteoppdatering publisert onsdag morgon.

Finansanalytikarar som følgjer selskapet tett hadde venta eit operasjonelt driftsresultat på 152 millionar euro, ifølgje ei samanstilling gjort av TDN Direkt.

Mowi melder om eit slaktevolum på 108.000 tonn i kvartalet, mot eit venta volum på 109.000 tonn.