Femte dag på rad med berre negative prøver

For femte dagen på rad melder Helse Førde om berre negative prøver.

I løpet av dei åtte siste dagane har tre av 1230 analyserte prøver vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Måndag analyserte Helse Førde 114 prøver og ingen av prøvene var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon. Dette er femte dag på rad at Helse Førde melder om berre negative prøver.

Sist ei prøve var positiv var onsdag 7. juli. Då vart 165 prøver analyserte, og to var positive.

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom måndag 5. juli og måndag 12. juli, har Helse Førde analysert 1230 prøver. I denne perioden har tre prøver vore positive. I tillegg til dei to positive prøvene onsdag 7. juli, var også ei prøve positiv tysdag 6. juli.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ifølgje Helse Førde er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Tysdag morgon var det ein av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19 smitte.