Lesarinnlegg

Kvifor Alfred på tinget er ein god idé

I Stad Venstre har vi registrert ei viss uro blant folk sidan ordførar Alfred Bjørlo er toppkandidat i Sogn og Fjordane valkrins til Stortingsvalet 13. september.

Privat 

Nyhende

Fyrst, takk til kvar og ein som røysta Venstre og Alfred i lokalvalet 2019. Takk til alle som bidrog med særs god innsats sist valkamp. Vi fekk den ordføraren vi ønskte oss, og eit sterkt Venstre i Stad kommune. At engasjerte ordførarar siktar mot Stortinget er nokså vanleg.

Med 30 år i politikken, og 10 år som ordførar, har Alfred mykje å kome med. Då han stilte som ordførarkandidat for ein tredje periode, var det å få samanslåinga mellom Selje og Eid kommune i mål, ein viktig motivasjon. Med stø politisk leiing, godt politisk samarbeid, og dugande kommuneleiing og tilsette, er Stad ei vellykka kommunesamanslåing. Mellom anna syner rekneskapen for kommunen eit overskot på 39 mill NOK i 2020. Vi har folketalsvekst,og tilliten til lokaldemokratiet er høgare i Stad kommune enn landsgjennomsnittet.

Alfred har jamt vore ein tydeleg kritikar når sentral makt og nasjonal politikk ikkje har treft lokalt. Så kva om vi gir han ein sjanse til å ta med all si røynsle og heile sitt hjarte, for å halde fram det gode arbeidet, no frå Stortinget? Vi er overtydde om at distriktspolitikaren Alfred vil få gjennomslag som stortingspolitikar. Det vil ikkje berre vere til gagn for Sogn og Fjordane valkrins og Vestland fylke, men og for eit grønt og mangfaldig Noreg. Han vil representere ei heilt anna og naudsynt stemme i distriktspolitikken, enn dei meir statlege, sentralstyrte og proteksjonistiske løysingane til dømes Senterpartiet og oppsisjonen sver til.

Alfred vaks opp på gard på Nordfjordeid, og står for ein næringsvenleg politikk, tufta på EØS-avtalen, kunnskap og berekraft. I Venstre meiner vi at dette vil skape fleire og betrearbeidsplassar, med større kulturell og finansiell verdiskaping for landet. Vi vil bidra til å løyse verdas klima- og naturkrise gjennom samarbeid.

Kort sagt, Noreg treng meir Alfred Bjørlo!

Vi trur ikkje Alfred ville ha stilt til val, om han ikkje var viss på at vi vil klare oss endå betre her med han som stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane. Stad Venstre oppmodar alle tilå støtte han i valkampen, og til å røyste Venstre ved Stortingsvalet 13. september