Ingen nye positive prøver i helga

Helse Førde melder måndag morgon om ingen nye positive prøver i løpet av dei tre siste dagane.

I løpet av dei åtte siste dagane har Helse Førde analysert 1162 prøver og tre av prøvene har vore positive.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Helse Førde oppdaterer ikkje lenger koronatala i helga, men måndag morgon er tala for fredag, laurdag og søndag klare. Helse Førde sine tal viser at 443 prøver er analysert og ingen nye positive prøver desse tre dagane.

Ein må no tilbake til onsdag 7. juli for å finne ei positiv prøve. Då var to av 165 analyserte prøver positive.

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom søndag 4. juli og søndag 11. juli, har Helse Førde analysert 1162 prøver. Av desse har tre prøver vore positive. I tillegg til dei to positive prøvene onsdag, var det også ei positiv prøve tysdag 6. juli.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Måndag morgon var det ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i Helse Førde har vore stadfesta smitta av korona.