Melder om berre negative prøver - andre gong denne veka

Torsdag var alle dei analyserte prøvene negative, melder Helse Førde. Dette er andre gong så langt denne veka at helseføretaket melder om berre negative prøver.

I løpet av dei siste åtte dagane har seks av 1277 analyserte prøver vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Torsdag analyserte Helse Førde 185 prøver og alle desse er negative. Dette kjem fram i dei oppdaterte tala til Helse Førde fredag morgon. Dette er andre dag denne veka at Helse Førde melder om berre negative prøver. Måndag analyserte Helse Førde 99 prøver og alle var negative.

Både tysdag og onsdag denne veka har Helse Førde meldt om positive prøver. Tysdag var ei av 224 prøver positive, og onsdag var to av 165 analyserte prøver positive.


165 analyserte prøver - to positive

Helse Førde melder om to nye positive prøver etter at 165 prøver vart analysert. Så langt denne veka har tre prøver vore positive.



Ei ny positiv prøve

Helse Førde analyserte 224 prøver tysdag og ei av desse prøvene er positive. Dette er første positive prøva sidan fredag.


I løpet av dei åtte siste dagane, mellom onsdag 30. juni og torsdag 8. juli, har Helse Førde analysert 1277 prøver. Av desse 1277 analyserte prøvene har seks vore positive. I tillegg til dei tre positive prøvene denne veka, var ei prøve positiv onsdag 30. juni og to prøver var positive fredag 2. juli.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ifølgje Helse Førde sine tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Fredag morgon var det ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette har hatt stadfesta covid-19.